Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Gå til Google Classroom
Vår løysing ... vårløysing?

Ho kom som bestilt i dag, sola. I det me hadde fått på oss skiskoa og var klar for vår faste torsdagstur, vart det med eitt påskeføre og fantastiske tilhøve for ein deilig uteskuledag, på vår 100. skuledag (1. klasse) i år.

Fyrste del av dagen i dag var det FEST! 100 dagar på skulen. Det var diplom, mykje snakk om ulike former for 100. Grader, celsius. 100 fattigaste land. 100 største land. Kva om heile verda berre var 100 personar? Tala til 100... Dei kjenner me jo godt.

I dag var det vatn og vatnet sine eigenskapar som stod på planen. Me snakka om snø/is, vatn og damp, og at vatnet kan "omforma" seg til tre ulike former. På klampen fekk me svev på eit stormkjøken med raudsprit, og forsøkte fyrst å koka vatn. 100 ml, 1 dl tek forresten omlag 5 minutt. 1 liter tek litt meir. Me smelta òg snø. Fyrst ein desiliter, så ei heil gryte.

Mykje artig i dag, på ein fantastisk dag!

Main Image

Bilete 1 av 17